S
InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Steinskuggar = Stone shadows

To framståande kunstnarar. Den eine blei verande i heimbygda, den andre reiste ut. Men landskapet har dei felles. I denne boka utforskar fotografen Jens Hauge og forfattaren Hermann Starheimsæter sine heimtrakter i Lærdal og Indre Sogn. Hauge registrerer med vekt på gamalt kulturlandskap, gamle bygningsrestar, historiske spor som sakte vert viska ut - på sitt vis det poetiske landskapet slik det ligg i dag. Til desse bileta har Starheimsæter spunne ein fabel om ein som kjem attende til heimstaden etter mange år, og om dei refleksjonar han gjer seg.
198,00 kr
Sider
79
Utgivingsår
1991
Språk
mul
ISBN
9788252137835
Hermann Starheimsæter
Om forfattaren

Hermann Starheimsæter

(f. 1950) debuterte i 1980 med diktsamlinga Lungeblæretre og har gjeve ut bøker i dei fleste sjangrar. Som romanforfattar har han heilt frå den prislønte Han gjorde det (1990) arbeidd med å finne gyldige språklege uttrykk for psykiske grensetilstandar.