Der nåden finst
Innbunden

Romanar og noveller

Der nåden finst

_x0092_Den nynorske terroristen_x0092_ Claus Hjelle er tilbake i Sogn etter terapitimar i Oslo. I desse timane har det kome opp ting som han absolutt må snakka med mora om. Men Claus finn ikkje det rette tidspunktet, og dagane og vekene går. I mellomtida møter han Johnny att, ein han gjekk saman med på skulen, og det oppstår ein vennskap mellom dei to som alltid har vore så ulike. Denne vennskapen får uventa følgjer for Claus Hjelle.

Der nåden finst er tredje og siste band i serien om den tidlegare journalisten Claus Hjelle og hans kamp med språket og galskapen. Boka er eit frittståande framhald av Nordvegen (2003) og Nattbussen (2007).

449,00 kr
Hermann Starheimsæter
Om forfattaren

Hermann Starheimsæter

(f. 1950) debuterte i 1980 med diktsamlinga Lungeblæretre og har gjeve ut bøker i dei fleste sjangrar. Som romanforfattar har han heilt frå den prislønte Han gjorde det (1990) arbeidd med å finne gyldige språklege uttrykk for psykiske grensetilstandar.