Stavangertrilogien

Skjønnlitteratur

Stavangertrilogien

Stavanger i oljealderen: Det svarte gullet blir pumpa inn i dei rikes økonomi. Rikdommen legg seg som ei tynn oljehinne på overflata. Og under denne overflata finst det desperate småkjeltringar og sosialklientar. Hundedagane (1998), Grisekoret (2001) og Kaninbyen (2004) handlar om skyggesida av det nyrike olje-Noreg..I eit hardt, fysisk og.munnleg språk.har Rein skrive ein trilogi med eit.intelligent raseri, .gjennomarbeidd og gjennomført hardkokt. Stavangertrilogien er medrivande og engasjerande -.og.eit stykke sivilisasjonskritikk..Om Hundedagane (1998): .Rein har språk sterkt nok til å få oss til å bli med på ferda inn i eit område for menneskeliv der verdikommisjonen burde leggja sitt neste møte.. Knut Ødegård, Aftenposten. Om Grisekoret (2001) Det er en roman som skiller seg ut med en helt særegen stemme, som bør høres. Jan Inge Reilstad, Morgenbladet. Med Kaninbyen leverer Arild Rein en kongenial avslutning av trilogien som plasserer forfatterskapet skyhøyt over alle andre på min private hitliste. Terje Thorsen, Dagbladet.
249,00 kr
Sider
486
Utgivingsår
2005
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252165432
Arild Rein
Om forfattaren

Arild Rein

(f. 1960) er frå Stavanger. Han debuterte i 1998 med romanen Hundedagane - første band i Stavangertrilogien, som blei avslutta med Kaninbyen i 2004. Han har gitt ut lesestykke, kortprosa, dikt og omsettingar, og er kjend for sin sosialrealistiske, hardkokte stil. Arild Rein fekk Rogaland fylkeskommune sitt litteraturstipend i 2001 og Sigmund Skard-stipendet i 2005. I 2008 blei han, på bakgrunn av Kaninbyen, kåra til Stavanger Europeiske Kulturbys forfattar av innbyggjarane i byen. Rein er også initiativtakar og redaktør i Villhund forlag, etablert i 2018.