Sprut: historia om kroppsvæskene våre

Generell litteratur

Sprut: historia om kroppsvæskene våre

Bli med på ei spektakulær reise gjennom blod, sveitte og tårer - og 50 andre kroppsvæsker. Biolog og forskingsformidlar Åsmund Husabø Eikenes fortel entusiastisk om donering av beinmerg til forsking og spyttar i eit plastrøyr for å leite etter spor av neandertalarane. Gjennom gode historier og lettlesen folkeopplysing får du eit nytt syn på kroppsvæskene dine. I Sprut møter du mellom andre ein hjerneforskar, ein urolog og ein kokk. Dei deler historier og eigne erfaringar, som saman med det siste frå forskingsverda gir deg oppsiktsvekkjande, ny kunnskap om kroppsvæskene: Vatnet i hjernen vaskar bort søppel medan du søv. Slimet i livmorhalsen hjelper friske sædceller å nå fram til egget. ørsmå dropar av snørr kan sveve i lufta i heile ti minutt etter eit kraftig nys. Blodet til unge personar inneheld kanskje ei kjelde til evig liv. Bli med på ein lesefest med sprut!
299,00 kr
Utgivingsår
2018
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252195583
Åsmund Husabø Eikenes
Om forfattaren

Åsmund Husabø Eikenes

(f. 1986) er frå Leikanger i Sogn og bur i Oslo. Han har doktorgrad frå Senter for kreftbiomedisin ved Universitetet i Oslo og har arbeidd med å kartlegge kontrollsystem for celledeling. Han har tidlegare gittut Handboka og Sprut og Håkon.