InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Spøkelsesnatt

6–9 årOmsett frå svensk
Slatten og Kaka er heime åleine - eller er dei det? Det kriblar i magen til Slatten. Han skal overnatte hos Kaka for første gong. Far til Kaka er på jobb, så Slatten og Kaka skal vere heilt åleine heime. Slik som berre store barn kan. Dei ser på film og et godteri og kaker. Så ser dei ein film med veldig høg aldersgrense, sjølv om dei veit dei ikkje har lov til det. Alt er kjempekoseleg, heilt til det er tid for å gå å leggje seg. For det er då spøkelsa kjem. Og vampyrane. I serien Påfunn i Paradis. Spøkelsesnatt er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Frå svensk ved Øystein Rosse. Leseland. Nivå 3.
249,00 kr
Sider
59
Utgivingsår
2016
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252189605
Moni Nilsson
Om forfattaren

Moni Nilsson

(f. 1955) er ein svensk forfattar, som har skrive mange barne- og ungdomsbøker. Ho er særleg kjend for bøkene om Tsatsiki. Nilsson er kjend for å kombinere humor og varme med alvor og ettertanke, og er tildelt mange prisar og utmerkingar for bøkene ho har skrive.