InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Prompebroren

6–9 år
Har du nokon gong sagt noko som ikkje var heeeeilt sant? Det har Bea. Bea er ny på skulen. Ein dag fortel ho dei nye klassekameratane om broren sin. Prompebroren. Alle vil høyre meir. Så Bea fortel ei forteljing til, og så ei til, og så endå ei forteljing om broren som prompar heilt utan kontroll. Alle elskar forteljingane til Bea. Men det er eit problem: Bea har ikkje ein prompebror, ho har ikkje ein vanleg bror eingong. Og no vil klassekameratane møte prompebroren. Prompebroren er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Leseland. Nivå 4.
249,00 kr
Sider
42
Utgivingsår
2016
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252188646
Bente Bratlund
Om forfattaren

Bente Bratlund

(f. 1952) er utdanna lærar, men sidan 1992 har ho vore forfattar på heiltid. Ho har skrive mange bøker, både for barn, ungdom og vaksne.