Spesialundervisning: innhald og funksjon

Fagbøker

Spesialundervisning: innhald og funksjon

Kva handlar spesialundervisning om, og kva funksjon har den? Dette har vore hovudspørsmåla i forskingsprosjektet SPEED (2013-2017) som boka byggjer på. Motivasjonen for den omfattande forskinga har vore at det er nytta mykje ressursar til spesialundervisning. Samstundes er kunnskapen liten om korleis den er praktisert for dei mange elevane som får den og om den fungerer slik det var tenkt. Skal vi skjøne spesialundervisninga, må vi også forstå den ordinære opplæringa. Difor studerer prosjektet begge deler, og relaterer mange av drøftingane om spesialundervisning opp mot den ordinære opplæringa. Til grunn for artiklane i boka ligg opplysningar frå lærarar, foreldre og elevar og data frå klasseromsobservasjonar.
459,00 kr
Sider
414
Utgivingsår
2017
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252194111
PH
Om forfattaren

Peder Haug

Peder Haug (f. 1947) er professor emeritus i pedagogikk ved Institutt for pedagogikk, Høgskulen i Volda. Han har arbeidd ved Høgskulen i Volda sidan 1976, men med lengre engasjement ved Senter for barneforsking NTNU, Noregs forskingsråd, Universitetet i Stavanger, Skolverket i Sverige og Uppsala Universitet. Han har gitt ut ei rekkje bøker og artiklar om tema som gjeld barnehage, skule, lærarutdanning og spesialundervisning.