Smil utan smilar
Innbunden

Lyrikk, drama og essay

Smil utan smilar

TIL ERINDRING

Omrisset av eit klungerblad teikna

På eine sida av eit lite papir

Som har eit klungerblad berre skravert

På den andre sida.

Omrisset tynt og tydeleg.

Skraveringa flat og utflytande.

Ein ser ikkje begge samtidig,

Men skjønar det må ha vore

Den same som stod bak begge. Same

Kva som er fram- eller bakside.

Kanskje er det difor ein hugsar

Begge som vakre.

Klungeren og amatøren.

429,00 kr
Einar Økland
Om forfattaren

Einar Økland

(f. 1940) debuterte med diktsamlinga Ein gul dag i 1963. Han er rekna som ein av dei mest allsidige og originale forfattarane i norsk litteratur og har gitt ut over 80 bøker innanfor dei fleste sjangrar, og mottatt ei rekkje prisar, mellom anna Doblougprisen og Gyldendalprisen.