Slutten på historia: nye nynorske noveller
I ein hage møtest to gamle kjende som kanskje ikkje kjenner kvarandre likevel. I luftrommet over Himalaya veit ein pilot at tap av kontroll kan få fatale følgjer. Utstasjonert på dei aude kasakhstanske slettene stoppar ein mann ut eit ekorn han har tenkt å gi vekk som kjærleiksgåve. På Nordic Noir-fabrikken produserer dei bestseljande kriminallitteratur under elendige arbeidsvilkår.
Novellene i «Slutten på historia» er prega av underliggjande uro, impulsar ein ikkje rår over, minne som sviv, og noko gåtefullt som skurrar i det ytre eller det indre.
Dei nyskrivne novellene i denne samlinga presenterer styrken og breidda i den nynorske litteraturen. Her får forfattarane briljere
i kortformat, lett tilgjengeleg for lesaren. Novellene er skrivne av Frode Grytten, Gaute M. Sortland, Mette Karlsvik, Mads Rage, Siv Østrem Peersen, Kjersti Rorgemoen, Siri Økland og Endre Tveit. Boka presenterer òg ein debutant, Therese Bakkevoll.
«Slutten på historia» er tredje utgåva i den årlege novelleantologien Nye nynorske noveller.
Sitat frå melding
Frode Grytten
(f. 1960) er frå Odda. Han er ein av dei mest markante novelleforfattarane i Noreg, men har òg hatt suksess innanfor fleire andre sjangrar. Det store gjennombrotet fekk han med romanen Bikubesong i 1999. Grytten debuterte i 1983, og har sidan skrive både romanar, noveller, barnebøker og lyrikk. Novellene hans har blitt gitt ut i fleire samlingar og utval, seinast i den 870 sider tjukke Noveller i samling frå 2009.
Felles for tekstane til Grytten er at dei skildrar vanlege folks liv med ein uvanleg energi, både medrivande barndomsskildringar og kompliserte kjærleikshistorier blir fortalde på ein varm måte som gjer det mogleg å følgje karakterane inn i dei mest hudlause situasjonar. Grytten har lang fartstid som essayist og journalist, m.a. som reporter for Bergens Tidende. Han har undervist i reportasjeskriving på universitet, høgskolar og i dei fleste store redaksjonar i Noreg, og blei i 2003 tildelt Norsk språkpris for sitt journalistiske arbeid. I boka 50/50 frå 2010, er 50 av hans journalistiske tekstar for første gong samla mellom to permar.
Frode Grytten fekk Brageprisen for Bikubesong i 1999 og blei for same bok nominert til Nordisk Råds litteraturpris. Han blei tildelt Rivertonprisen for kriminalromanen Flytande bjørn i 2005, og for Rom ved havet, rom i byen fekk han Melsomprisen i 2008. Teaterversjonen av Bikubesong mottok strålande kritikk og trakk fulle hus både i Oslo og Bergen. Grytten bur i Bergen.
Litterære prisar
Melsom-prisen
For Rom ved havet, rom i byen
Nynorsk litteraturpris
For Rom ved havet, rom i byen
Sunnmørsprisen
Sunnmørsprisen for 2007
Samlagsprisen
Samlagsprisen for 2006
Rivertonprisen
For Flytande bjørn
Norsk språkpris
Norsk språkpris 2003
Sigmund Skard-stipendet
Sigmund Skard-stipendet for 2000
Brageprisen
For Bikubesong.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO