Skugge under Grønskarvet
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Skugge under Grønskarvet

9–12 år
Tru kan flytte fjell, blir det sagt. Men viss ein bad Gud om å flytte Grønskarvet, kva ville da skje? Kanskje ville menneska frå byen kome køyrande inn i dalen på blinkande motorsyklar. Dei ville blande seg inn i alt mogleg, på skolen og på fotballtreninga. Og kor skulle ein forresten flytte fjellet? Til Kina? Jenta i denne forteljinga vil ha bevis for at Gud høyrer bøn, men ho er samtidig redd for å utfordre han. Ei bok om barnetru - og tvil. Frå 10 år og oppover.
169,00 kr
Sider
38
Utgivingsår
2007
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252170382
Hildegunn Dale
Om forfattaren

Hildegunn Dale

Hildegunn Dale (f. 1974) er forfattar og redaktør. Dale kjem frå Modalen og bur på Misje. I fleire år var ho ein markant diktar i Bergens poetiske undergrunn før den etterlengta debuten i 2003 med diktsamlinga Solkant, som er både stilfull, sterk og språksikker. I 2004 følgde ho opp med Elvedraumar, ei samling dikt der det konkrete i større grad enn i førsteboka blandar seg med det abstrakte. I Sea, say and see (2006) viser Dale nok ein gong ei forbløffande evne til å konstruere og levandegjere landskap og omgjevnader i dikta sine – og slik setje lesaren inn i opne og sansbare rom og stemningar. Huset jorda i vatn er den åttande diktsamlinga hennar.