Skatten i Skutevika: spenningsroman
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Skatten i Skutevika: spenningsroman

9–12 år
Dette er ein uavhengig oppfølgjar av Det kvite pulveret (2006). Vi møter dei same hovudpersonane, Martin, Anna, Anders og Steinar, som bur i eit lite og nesten fråflytta øysamfunn. Det er sommar og ingenting skjer, men så finn Martin nokre myntar på botnen ein dag han er ute og snorklar. Omtrent samtidig blir det meldt om eit stort mynttjuveri i Stavanger. Endå ein gong kjem barna på øya i stor fare. Spenningsroman for barn frå ti år og oppover.
199,00 kr
Sider
75
Utgivingsår
2007
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252170795
Atle Hansen
Om forfattaren

Atle Hansen

(f. 1954) er forfattar, musikar og journalist. Han har skrive bøker for både barn og vaksne, gitt ut fleire plater og fått Vinjeprisen for nynorsk journalistikk. Hansen har studert litteratur, teater og sosiologi ved Universitetet i Bergen. Sin litterære debut fekk han i 1997 med barneboka Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill. I 2002 kom den første boka for vaksne, Sargasso. Oppvekstromanen Som ein engel (2005) følgde opp dei gode meldingane. Hansen er likevel mest kjent for dei mange spenningsbøkene for barn og unge han har på samvitet, som t.d. Det kvite pulveret (2006), Skatten i Skutevika (2007), Fangar i natta (2008), Den svarte oksen (2009) og Svartedalen (2015).

Hansen har ei lang karriere som musikar bak seg, og har m.a. fått Hordaland Mållags målrockpris for plata Trøysteslaus hotell i 1984. Han var med på å starte barnebokfestivalen Falturiltu på Stord, og er med i programkomiteen til festivalen. Han er òg medlem av det litterære rådet til Norske barne- og ungdomsforfattere (NBU). Atle Hansen er frå Mosterhamn i Bømlo kommune, men har vore busett på Stord sidan 1970.