Skammarens dotter

Barn og ungdom

Skammarens dotter

Omsett av Øystein Rosse

12–16 år 6 t 7 min
Dina har arva den eigenskapen frå mora som gjer at alle må frykte henne: Berre med blikket kan ho få folk til å tilstå kriminelle handlingar. Når Skammaren blir kalla til Dunarkborga der den vonde fyrst Drakan herskar, må Dina kome mora til unnsetning. Heller enn å spele helt, ønskjer Dina eigentleg å vere heilt vanleg slik som den eldre broren Davin, men det går ikkje når ein er Skammarens dotter og har fått auge som ingen vanlege menneske tør sjå inn i. Dette er første bok i den intenst spennande Skammar-serien, som no erobrar 10-14 årige fantasy-elskarar i land etter land. "Den eneste bog der er lige så god som Harry Potter og Ringenes Herre," skriv ein dansk lesar i BogGuide om serien.
279,00 kr
Utgivingsår
2007
Språk
Nynorsk
ISBN
9788242131409
Lene Kaaberbøl
Om forfattaren

Lene Kaaberbøl

f. 1960) starta karrieren sin som forfattar i ein alder av 15 år. Sidan den gong har ho skrive ei rekkje bøker, og ho er i dag forfattar på heiltid. Kaaberbøl har tidlegare skrive serien om Skammarens barn, og ho har blant anna vunne Disney-prisen for W.I.T.C.H-serien.