Eldprøva

Barn og ungdom

Eldprøva

9–12 årOmsett frå dansk
Første bok i ny fantasyserie. Clara trur ho er ei heilt vanleg jente som lever eit vanleg liv. Men då ho blir klort i fjeset av ein svart kjempekatt, er ingenting lenger som det var. I all hast pakkar mor bilen og reiser til eit hus langt ut i skogen der tante Isa bur. Tanta meiner at Clara er ei villheks som henne, men Clara veit ingenting om tryllekunst. For kvart mislukka tryllekunstforsøk føler ho seg tryggare på at ho berre er ei vanleg jente. Men ei natt, når Clara er åleine i huset, skjer det noko mystisk, og Clara vert sett på hekseprøve. Eldprøva er den første boka i serien Villheks, der får vi høyre om Clara, hennar kjærleik for dyr og hennar kamp for å overleve som villheks i ei verd der tryllekunst ikkje er barnemat.
249,00 kr
Utgivingsår
2012
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252181166
Lene Kaaberbøl
Om forfattaren

Lene Kaaberbøl

f. 1960) starta karrieren sin som forfattar i ein alder av 15 år. Sidan den gong har ho skrive ei rekkje bøker, og ho er i dag forfattar på heiltid. Kaaberbøl har tidlegare skrive serien om Skammarens barn, og ho har blant anna vunne Disney-prisen for W.I.T.C.H-serien.