Sjelsord: om terapi, poesi og hypnose
InnbundenFleire format

Generell litteratur

Sjelsord: om terapi, poesi og hypnose

Forfattaren tek for seg forholdet mellom poesi og terapi, og om erfaringer med å nytta ord for å framkalla hypnotisk transe i terapeutisk samanheng. I granskinga av samspelet mellom poesi og hypnose viser han at moderne poeter nyttar både gamle og nye verkemiddel i dikta. Den raude tråden i boka er det som får mennesket til å ty til ordet. Forfattaren fokuserar på dei ordmøta der menneske er i endring, der forløysande ord kan skapa meir oversikt over det ein opplever, og der orda opnar nye sjelelege landskap. Forfattaren beskriv boka som eit forsøk på å visa at ein kan øva seg opp til å innta ei haldning som lettare opnar augeblinken for nærleik. Har litteraturliste.
429,00 kr
Sider
204
Utgivingsår
2008
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252169829
Helge Torvund
Om forfattaren

Helge Torvund

(f. 1951) er lyrikar, kritikar og psykolog. Han debuterte med Hendene i byen i 1977 og har seinare gitt ut ei lang rekkje diktbøker. Han har også skrive barnebøker, fagbøker og gjendikta amerikansk lyrikk. Med samlinga Lyssmeden (1983) etablerte Torvund seg som ei solid lyrisk stemme i den norske litteraturen, og for Den monotone triumf (1989) blei han tildelt Nynorsk litteraturpris. Torvund har sidan gitt ut bøker nesten årleg, og i 1996 fekk han Samlagsprisen for sin forfattarskap. Alt er høy (2007) var Torvunds 25. diktsamling. Denne nyskapande samlinga vekte stor oppsikt i det litterære Noreg og blei mellom anna kalla eit «litterært jordskjelv». Gjennom lange linjer fletta Torvund saman det barokke og det surrealistiske i eit inderleg biletspråk, og både utvida og utvikla sitt poetiske univers. I Sjelsord (2008) viser Helge Torvund korleis orda kan vere forløysande i situasjonar der menneske er i endring, og drøftar språket si viktige rolle ved psykiske lidingar. Torvund arbeider som psykolog, er diktlærar på nettstaden Diktkammeret og var i mange år hovudmeldar av lyrikk i Dagbladet. Han bur på Ogna i Rogaland.