Å våga seg ut i ord
Innbunden

Lyrikk, drama og essay

Å våga seg ut i ord

Helge Torvund har vore med og valt ut desse, og gitt dei entusiastiske og innsiktsfulle kommentarane sine. Både dikta og kommentarane er samla i denne boka.

Helge Torvund har vore med sidan starten og skrive leksjonar i diktskriving. Desse er òg samla her, og utgjer ein eigen bolk om diktarkunsten. Boka inneheld også nye intervju med nokre av dei mest aktive forfattarane på Diktkammeret.

Redaktørar er Helge Torvund og Maria Børja.

499,00 kr
Helge Torvund
Om forfattaren

Helge Torvund

(f. 1951) er lyrikar, kritikar og psykolog. Han debuterte med Hendene i byen i 1977 og har seinare gitt ut ei lang rekkje diktbøker. Han har også skrive barnebøker, fagbøker og gjendikta amerikansk lyrikk. Med samlinga Lyssmeden (1983) etablerte Torvund seg som ei solid lyrisk stemme i den norske litteraturen, og for Den monotone triumf (1989) blei han tildelt Nynorsk litteraturpris. Torvund har sidan gitt ut bøker nesten årleg, og i 1996 fekk han Samlagsprisen for sin forfattarskap. Alt er høy (2007) var Torvunds 25. diktsamling. Denne nyskapande samlinga vekte stor oppsikt i det litterære Noreg og blei mellom anna kalla eit «litterært jordskjelv». Gjennom lange linjer fletta Torvund saman det barokke og det surrealistiske i eit inderleg biletspråk, og både utvida og utvikla sitt poetiske univers. I Sjelsord (2008) viser Helge Torvund korleis orda kan vere forløysande i situasjonar der menneske er i endring, og drøftar språket si viktige rolle ved psykiske lidingar. Torvund arbeider som psykolog, er diktlærar på nettstaden Diktkammeret og var i mange år hovudmeldar av lyrikk i Dagbladet. Han bur på Ogna i Rogaland.