Sjasminmannen
InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Sjasminmannen

Omsett frå ger
Psykoseskildring som kryp tett inntil lesaren. Sjasminmannen (1971) er ei av dei mest kjende psykoseskildringane i litteraturhistoria. I tydeleg og registrerande prosa skildrar Unica Zürn djup depresjon og visjonær galskap, forvirra omstreifingar og besøk på ulike mentalsjukehus, augneblinkar av djup fortviling, men også av den største lykke og kjærleik til livet og kunsten. I eit nøkternt språk glir Zürn saumlaust inn og ut av sjukdommen i ei flytande rørsle, i ei sjukdomsskildring som kryp tett inntil lesaren. Frå tysk ved Runa Kvalsund, som også omsette Zürns roman Mørk vår (2016) til norsk.
429,00 kr
Sider
132
Utgivingsår
2019
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252197686
Unica Zürn
Om forfattaren

Unica Zürn

Unica Zürn (1916–1970) blei fødd i Grunewald, Tyskland. Ho er ei unik røyst i kunst og litteratur frå 1900-talet. Etter å ha møtt Hans Bellmer i 1953 flytta ho med han til Paris, der ho blei kjend med surrealistane, og der ho skapte den kunsten ho er mest kjend for: anagrampoesien, automatteikningane og romanane Mørk vår og Sjasminmannen.