Shortsen til far min: ein bunke shorts-stories

Skjønnlitteratur

Shortsen til far min: ein bunke shorts-stories

I Hjørneviks tredje diktsamling er det farsfiguren og shortsen hans, dette rommelege klesplagget, som er i fokus. I kjend stil leverer Hjørnevik dikt for alle høve, for dei fleste sinnstemningar og for alle dei som har, eller har hatt ein far. Og det er ikkje få. Som forfattaren sjølv seier det: .Året er 2005..Feminismen flaggar på heil stong. Den gamle, gode, hårete og strenge farsfiguren.er i ferd med å døy ut..Samfunnet.er prega av mjuke, usikre.og sårbare menn, som tøflar grinande til og frå.jobb med trillekofferten sin..Kor er mannen som luktar sveitte, som kløyver ved, som aldri klagar, som har hår på brystkassa, som har eit enkelt og.praktisk forhold til kjærleiken, og som skjeller ut ungane sine for det minste feilsteg? Jo då, han lever. Far min. . Jon Hjørnevik er frå Voss. Han har gitt ut to suksessrike humordiktbøker og eit tulle-leksikon.
209,00 kr
Sider
79
Utgivingsår
2005
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252166859
Jon Hjørnevik
Om forfattaren

Jon Hjørnevik

Jon Hjørnevik (f. 1970) er forfattar, tekstforfattar, julenisse, forvaltningsrevisor, reklamemann, familiemann, statsvitar, jobbsyklist, nabo, daglegvarekunde og komikar frå Voss. Han debuterte med diktsamlinga I ein sofa frå Korea i 2001 og er mannen bak ei rekkje andre populære diktsamlingar. Hjørnevik er også ein høgt skatta opplesar av sine eigne dikt.