Eit liv i offside

Skjønnlitteratur

Eit liv i offside

1 t
På denne CD-en har Jon Hjørnevik plukka dikt frå dei to diktsamlingane sine. I tillegg har han med åtte dikt som ikkje har vore publiserte tidlegare. Felles for dikta er humoren og dei pussige innfallsvinklane til dei små og store spørsmåla i livet. Her finn du dikt om alt frå NM i blomsterdekor til nakne kapteinar.
379,00 kr
Utgivingsår
2007
Språk
Nynorsk
ISBN
9788242130273
Jon Hjørnevik
Om forfattaren

Jon Hjørnevik

Jon Hjørnevik (f. 1970) er forfattar, tekstforfattar, julenisse, forvaltningsrevisor, reklamemann, familiemann, statsvitar, jobbsyklist, nabo, daglegvarekunde og komikar frå Voss. Han debuterte med diktsamlinga I ein sofa frå Korea i 2001 og er mannen bak ei rekkje andre populære diktsamlingar. Hjørnevik er også ein høgt skatta opplesar av sine eigne dikt.