InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Eit nytt namn: roman

«Makelaust! [...] eit storhende i norsk romanskriving.»
— Jan Askelund, Stavanger Aftenblad
Avslutninga på storverket Kunstmålaren Asle bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I Bjørgvin bur ein annan Asle, også han er kunstmålar. Dei to Aslane er vener og på eit vis dobbeltgjengarar, to versjonar av det same livet. Medan eg-forteljaren førebur juleutstilling på Galleri Beyer i Bjørgvin, finn han venen Asle liggjande i snøen. Han har kollapsa av alkoholmisbruk og vert lagd inn på sjukehus. Asle uroar seg for venen, tek seg av hunden hans og køyrer fram og tilbake til Bjørgvin på snødekte vegar. I det tredje bandet av «Septologien» nærmar det seg julaftan. Tradisjonen tru et Åsleik og Asle lutefisk saman. Det vert eit stilt måltid. Asle kjenner seg kraftlaus og ferdig med målinga. Han ryddar vekk alle målarsakene og køyrer dei siste bileta til Galleri Beyer i Bjørgvin. I tilbakeblikk fylgjer vi livet til dei to Aslane. Asle møter den livslange kjærleiken i Ales, kjem inn den katolske trua, får stilla ut i Galleri Beyer og kan leva av å måla bort alle bileta som har fest seg i minnet hans. Asle og Ales flytter etter kvart frå byen til huset på Dylgja. Namnebroren gifter seg også, men bryllaupet hans endar med ei hulkande brur og eit vondt brot. Asle har for fyrste gong sagt ja til å feira jul med Åsleik og syster hans, Guro. Julaftan reiser Åsleik, Asle og hunden Brage med sjarken inn Sygnefjorden. Dei har straumen med seg, finkleda er nedpakka, og dei byter på å stå til rors. Med seg har dei to målarstykke Guro skal få i julegåve. Heime hjå Guro angar det av røykt pinnekjøt. Jon Fosse (f. 1959) vert rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger i heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar i inn- og utland. Nominasjonar og prisar til Septologien: Det andre namnet: Langlista til Dublin Literary Award 2020 Langlista til The International Booker Prize 2020 Nominert til Kritikarprisen 2019 Nominert til Brageprisen 2019 Nominert til Stadsteaterns Internationella pris Nynorsk litteraturpris 2019 Eg er ein annan: Langlista til Dublin Literary Award 2021 Nominert til Kritikarprisen 2020 Eit nytt namn: Langlista til Dublin Literary Award 2022 Kortlista til The international Booker Prize 2022 Finalist til National Book Award 2022 Kritikarprisen 2021 Brageprisen 2021
429,00 kr
Sider
330
Utgivingsår
2021
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252196214
Meldingar

Sagt om boka

9 omtaler

«Jon Fosse tar skrivingen sin til et sted der ingen annen norsk forfatter kan følge ham.»

— Sindre Hovdenakk, VG

«Mektig dødsmesse [...] avslutter den storslåtte «Septologien» på mesterlig vis [...] De tre bindene kommer til å bli stående som et hovedverk i et av vår tids viktigste forfatterskap.»

— Marius Wulfsberg, Dagbladet

«fremragende romankunst»

— Gro Jørsdad Nilsen, Bergens Tidende

«Att läsa Jon Fosse är som att lyssna till Bach»

— Claes Wahlin, Aftonbladet

«et romanverk som vil stå seg for ettertiden»

— Live Lundh, Morgenbladet

«Sterk avslutning [...] Det handlar om livet. Om kunsten. Kjærleiken. Nåden. Men også om motløysa. Definitivt om døden. Helst bør bøkene lesast sakte, ei etter ei, for så å ta fatt på første boka igjen etter den sjuande. Gjerne i mørketida . for her er lys oppi alt det mørke.»

— Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen

«Septologien oser av storhet. [...] Jon Fosse, har gjort det igjen. Dette er bøker som vil bli stående som et hovedverk i Fosses forfatterskap, og, tør jeg påstå, i den norske litterære kanon. [...] Denne boka er ei oppvekstskildring, en kunstnerroman, ei fortelling om kjærlighet og vennskap, om ensomhet og savn.»

— Ulla Svalheim, Vårt Land

«har skapt sitt mysteriespel med mykje humor og med ein bibelsk bodskap om nestekjærleik, tett på vår eiga tid»

— Knut Hoem, NRK

«Eit nådelaust oppslukande verk»

— The Guardian

Jon Fosse
Om forfattaren

Jon Fosse

 

Jon Fosse (english bio)

Jon Fosse
(f. 1959) vert rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. I snart førti år har han skrive i ulike sjangrar: romanar, dramatikk, lyrikk, kortprosa, essay og barnebøker. Tekstane hans er omsette til over femti språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger over heile verda. Fosse har fått ei rekkje prisar både i inn- og utland.

Jon Fosse voks opp på eit småbruk i Strandebarm i Hardanger. Han gjekk på gymnas i Øystese og studerte ved Universitetet i Bergen. Fosse er cand.philol. med hovudfag i allmenn litteraturvitskap. Han har heile sitt vaksne liv hovudsakleg vore forfattar på fulltid, men har òg arbeidd som journalist, lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og som litterær konsulent. I dag er Fosse busett i Oslo. I 2011 vart han tildelt statens æresbustad Grotten, som ligg i Slottsparken. Fosse bur også dels i Hainburg an der Donau i Austerrike og på Frekhaug ved Bergen.

Fosse debuterte som forfattar med romanen Raudt, svart i 1983, men han ser sjølv på novella «Han» i avisa Studvest frå 1981 som sin eigentlege litterære debut. Allereie i den novella finst mykje av det som karakteriserer Fosses tekstar: repetisjonar, indre monologar, ein suggererande og musikalsk skrivestil. I 80-åra gav Fosse ut prosa, dikt og barnebøker, men det store gjennombrotet som forfattar kom med romanen Naustet frå 1989.

Etter at Fosse hadde etablert seg som romanforfattar, poet, essayist og barnebokforfattar, vart han også dramatikar. Fosse uttrykte skepsis til teateret, men skreiv likevel dramatikk for fyrste gong i 1992. Han har seinare skildra det som den største openberringa i sitt forfattarliv. Det aller fyrste stykket Fosse skreiv, var Nokon kjem til å kome, men Og aldri skal vi skiljast er det fyrste Fosse-stykket som vart spelt på ei scene. Det skjedde på Den Nationale Scene i Bergen i 1994.

Fosse skreiv dramatikk i eit rasande tempo på denne tida og fekk raskt innpass på dei viktige norske scenene. Etter berre få år vart også dramatikken hans sett opp i utlandet. Det verkelege internasjonale gjennombrotet kom i 1999. Den franske regissøren Claude Régy sette opp Nokon kjem til å kome i Nanterre utanføre Paris. Året etter spelte det anerkjende Berlin-teateret Schaubühne Namnet på Festspela i Salzburg. Dei to oppsetjingane var med på å bana vegen for dramatikken til Fosse internasjonalt.

Fosse har skrive over 30 teaterstykke, til dømes Namnet, Vinter, Ein sommars dag, Draum om hausten, Dødsvariasjonar, Svevn og Eg er vinden. I dag er teaterstykka til Jon Fosse spelte over heile verda.

Fosse er internasjonalt mest kjend som dramatikar, men han har han heile tida skrive litteratur i andre sjangrar av uvanleg høg kvalitet, slik som romanane Melancholia I og II om målaren Lars Hertervig; Morgon og kveld, der Fosse skriv om den dagen Johannes vert fødd og døyr; og Trilogien, som er sett saman av dei tre delane Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd. Trilogien er ei vakker og urovekkjande forteljing om spelemannen Asle og kjærasten Alida. I 2015 fekk Fosse Nordisk råds litteraturpris for dette verket.

Det aller mest omfattande prosaverket Jon Fosse har skrive til no, er Septologien (2019–21). Dette verket kom til etter at Fosse tok pause frå dramatikken, men også etter at forfattaren konverterte til katolisismen i 2013. Fosse kallar skrivemåten i verket «langsam prosa». Det er prosa med transportetappar, skildringar og refleksjonar, sjølve negasjonen til det raske dramaet. Verket er omsett til over 20 språk og har hausta glitrande kritikkar både innanlands og utanlands.

For Septologien har Jon Fosse fått ei rekkje prisar. Mellom anna Brageprisen og Kritikarprisen. Han har også kome på kortlista til den internasjonale Bookerprisen og amerikanske National Book Award.

Dessutan er dramatikkpausen over, Fosse skriv på nytt for teater. Frå 2020 har det vore urpremiere på tre nye teaterstykke. Det heilaftens teaterstykket Einkvan har urpremiere 25. april 2024 på Det Norske Teatret.

Våren 2023 kom forteljinga Kvitleik, ein lysande roman om grensa mellom liv og død. I 2023 hadde Fosse også eit jubileum som forfattar. Det var 40 år sidan han debuterte med romanen Raudt, svart. Den til no siste prosaboka frå forfattaren er Vaim (2025), den første boka i ein ny trilogi og eit nytt litterær univers frå Jon Fosse.

Jon Fosse vart i 2023 tildelt Nobelprisen i litteratur.

Fleire bilete:

Foto: Helge Skodvin

Foto: Agnete Brun





Sjå alle bøker av Jon Fosse →