Sea, say and see
Hefta

Sea, say and see

Denne samlinga innheld forståelege og handfaste scener og interiør ei hand som dyttar, ein båt på land, graset som dannar ein vegg. Og heile tida fell lyset inn på forskjellige måtar både i dei konkrete romma og i teksten. Det er ei samling med vidunderleg klare komponentar, og likevel stort rom for lesaren til sjølv å sjå og tolke kva dei forskjellige komponentane betyr.

429,00 kr
Hildegunn Dale
Om forfattaren

Hildegunn Dale

Hildegunn Dale (f. 1974) er forfattar og redaktør. Dale kjem frå Modalen og bur på Misje. I fleire år var ho ein markant diktar i Bergens poetiske undergrunn før den etterlengta debuten i 2003 med diktsamlinga Solkant, som er både stilfull, sterk og språksikker. I 2004 følgde ho opp med Elvedraumar, ei samling dikt der det konkrete i større grad enn i førsteboka blandar seg med det abstrakte. I Sea, say and see (2006) viser Dale nok ein gong ei forbløffande evne til å konstruere og levandegjere landskap og omgjevnader i dikta sine – og slik setje lesaren inn i opne og sansbare rom og stemningar. Huset jorda i vatn er den åttande diktsamlinga hennar.