Midt under ein heftig debatt om cruisetrafikken blir ei ny cruisekai i Sognefjorden blåst til himmels av ei bombe. To ordførarar i distriktet mistar livet i eksplosjonen. Det kan vere eit terroranslag mot den norske turistnæringa, men politibetjent Rolf Randen finn snart ut at mange av innbyggjarane i distriktet også har motiv for å stå bak ugjerninga.
Bomba er ei av fleire dramatiske saker som lokalavisjournalist Karianne Grinde kan grave i. Ikkje berre er temperaturen høg i cruisedebatten, det dukkar òg opp eit lik under Nigardsbreen. Under rivinga av det gamle sanatoriet Harastølen kjem det dessutan for ein dag ei dagbok som avslører grufulle overgrep ved sanatoriet i tidlegare tider. Men eigentleg startar historia i 1821 - då sjølvaste Gjest Baardsen dukkar opp på ei skjenkjestove i Solvorn.
Politimannen og journalisten nøstar frå kvar si side. Det viser seg at dei gamle og nye historiene er samanvovne - og det skal få fatale konsekvensar. Med dei indre delane av Sognefjorden som geografisk utgangspunkt har Timberlid lagt eit imponerande puslespel av ei historie.
Sitat frå melding
«Rune Timberlid losar oss på elegant vis gjennom 351 sider med fortetta spenning. Harald Vartdal, Fjordingen.»