InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Reiret (arbeidstittel): roman

Havmannprisen 2025
Gry jobbar i kantine, men har ein draum om å komme inn på Forfattarstudiet i Tromsø. Målet er å skrive noko meir meiningsfullt enn dagboknotat frå eit uforløyst liv. Og då ho reiser heim til Bergen i gravferda til farmora, tar minne frå oppveksten overhand. Dei sildrar inn i både søknadsteksten og dagboknotata. Saman med søstera blei ho send på kristne sommarleirar, ho hadde ei stor frykt for Satan, og som vaksen kjenner ho sterk ambivalens i møte med alt av kristendom. Så kva skal ho gjere med at han ho er gift med no, ber kveldsbøn med barna deira? Sa ikkje han at tru var noko personleg, noko ho ikkje trong å bekymre seg for? Og har ho kanskje tatt feil av Satan?

I Reiret (arbeidstittel) møter vi Gry gjennom dagboknotat og hennar skjønnlitterære forsøk i søknadsteksten til forfattarstudiet. Det er ein roman om oppvekst og bustad og om korleis kristen forkynning kan prege eit barn.


429,00 kr
Sider
244
Utgivingsår
2024
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234011993
Ingvild Holvik
Om forfattaren

Ingvild Holvik

Ingvild Holvik (f. 1976) debuterte i 2010 til strålande kritikkar med romanen Lykkefeltet, og har følgt opp med ein stilsikker og gripande forfattarskap, med romanane Premien for alt (2017) og Ho er fri (2020). Ho har også omsett Maren Uthaug til norsk, og blei nominert til Brageprisen for omsetjinga si av ungarske Attila Bartis.