Ho er fri: roman
InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Ho er fri: roman

«Holvik motvirker enfoldet . og skriver med sjeldent høy kvalitet Jonas Bals, Klassekampen»
Om å bli igjen når alle andre drar. Andrea bur i utkanten av Europa, i ein halvt ungarsk, halvt serbisk by, der ho tar seg av mor si, sonen János og hunden Emma. Men ting er i endring i heimbyen. Mannen og dottera har flytta til Sverige, der sjansen for å tene til opphald for livet er betre. Avgjerda om å bu i kvart sitt land har tvinga seg fram av rein naud, og frustrasjonen ved å vere så langt frå kvarandre på ubestemt tid blir ein del av kvardagen. Er det i det heile realistisk å samle familien igjen, så lenge kampen for tilværet her og no et opp trua på framtida? Med truverdige skildringar og språkleg kontroll lar Holvik oss komme tett innpå karakterane og miljøet og lar oss kjenne desperasjonen som mange i Europa dagleg kjenner på kroppen. «Ho er fri» er ei gripande livsskildring, smart tenkt og usentimentalt utført. FRÅ BOKMELDING: "Holvik motvirker enfoldet - og skriver med sjeldent høy kvalitet" Jonas Bals, Klassekampen
429,00 kr
Sider
163
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234002298
Ingvild Holvik
Om forfattaren

Ingvild Holvik

Ingvild Holvik (f. 1976) debuterte i 2010 til strålande kritikkar med romanen Lykkefeltet, og har følgt opp med ein stilsikker og gripande forfattarskap, med romanane Premien for alt (2017) og Ho er fri (2020). Ho har også omsett Maren Uthaug til norsk, og blei nominert til Brageprisen for omsetjinga si av ungarske Attila Bartis.