InnbundenFleire format

Generell litteratur

Redesign: sy fantastiske klede av loppisfunn og gamle plagg

Skap din heilt unike garderobe med eller utan symaskin Sy om kleda dine eller sy nytt av gamle tekstilar og skap ein miljøvennleg og unik sommargarderobe. Christine Fure Schwarz og dei andre bidragsytarane viser deg korleis du kan trylle fram nye plagg frå gløymde skattar. I denne boka finn du oppskrifter på mellom anna omslagsskjørt, knytebluse, bikini, sommarkåpe, vesker og små gåver. Du får oppskrifter som passar for både nybegynnarar og til deg som har sydd ei stund. Tips og oppskrifter frå kjende designprofilar: Tanja Andreeva (@Somr0m) Warunne Bolstad (@Plystreknitwear) Ingvild Grane (@Skaperrom) Christine Fure Schwarz (@Silkeogdynamitt) Kristin Vaag (@Vaag.Oslo) Christine Fure Schwarz (f. 1990) er oppvaksen i Basel og Florø og bur i Oslo. Ho er utdanna innanfor kultur og leiing og har tidlegare studert tekstilkunst og saum. Schwarz jobbar som administrasjonsleiar i forlag på dagen og syr om gamle klede på kvelden.
399,00 kr
Sider
181
Utgivingsår
2021
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234003653
Christine Fure Schwarz
Om forfattaren

Christine Fure Schwarz

Christine Fure Schwarz (f. 1990) er utdanna innanfor kultur og leiing og har tidlegare studert tekstilkunst og saum. Schwarz er oppvaksen i Basel og Florø og har etter ti år i Oslo no busett seg i Kragerø med familien. I 2021 gav ho ut Redesign, som var den

første syboka hennar.