InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Raudt støv: Bok 2 : roman

«Ondskapen finnes, og til støv skal vi bli. Tore Kvævens krigsroman er dyster og storslått ... [H]vor mange spenningsfylte, macho sci-fi-dystopier med naturlyriske innslag, moralsk-metafysiske drøftelser og snev av wes...»
— Klassekampen
Andre bok i mektig dystopi frå brageprisvinnar Tore Kvæven

Året er 2060. Fienden rykker inn. Generalløytnant John Arnhem trur ikkje lenger at krigen kan vinnast. Desillusjonert reiser han ut i
Tanamiørkenen på eit siste oppdrag: å freista evakuera besteforeldra og kveget på farmen der han sjølv vaks opp, og slik også berga restane av livet han ein gong kjende. Brett Hammersley har kjempa som idealist i regimentet til Arnhem, men krigen er i ferd med å riva ho i filler. I von om å finna attende til det som ein gong betydde noko, freistar også ho å koma seg vekk, gjennom dette siste oppdraget. Men heller ikkje i Tanamiørkenens øydemarker er det lenger mogeleg å sleppa unna krigen. På same tid vert den øvste leiaren i Australia, utanriksminister Eden Elenia Caitleen, stilt overfor eit umenneskeleg val. I dette valet står ho einsam, og tida hennar er i ferd med å renna ut. Når alt ein tidlegare har kjent til, brenn og fell, kvar kan ein då snu seg? Når nederlaget står for døra, kva blir då attende å kjempa for? Og finst det likevel ei framtid, i desse landskapa av undergang?


Om Raudt Støv. Bok 1 (2023):

Terningkast 5!
"Her er usedvanlig sanselige og nærmest indre beskrivelser av dyr og landskaper. Vakkert i alt det grufulle." - MIA BULL-GUNDERSEN, BOK365

Terningkast 6!
"En usedvanlig billedrik og vakker roman" - VALERIE KUBENS, FÆDRELANDSVENNEN
429,00 kr
Sider
310
Utgivingsår
2024
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234013508
Meldingar

Sagt om boka

1 omtale

«Best er [Kvæven] i sine poetiske refleksjoner over liv og lagnad. Men bevares, dette er (...) en underholdende apokalypse.»

— Stavanger Aftenblad

Tore Kvæven
Om forfattaren

Tore Kvæven

Tore Kvæven (f. 1969) bur i Sirdal i Vest-Agder. Han debuterte i 2011 med Hard er mitt lands lov. Han har også skrive barneboka Kameljegeren (2013). I 2018 kom romanen Når landet mørknar, som vart tildelt Brageprisen same år og Sørlandets Litteraturpris i 2019. I 2022 fekk Kvæven Stig Sæterbakkens minnepris. Raudt støv. Bok 1 kom hausten 2023 og vart nominert til Sørlandets Litteraturpris 2024. Raudt støv. Bok 2 kom hausten 2024. Tore Kvæven er sauebonde og lærar.

Foto: Tommy Ellingsen