Skjønnlitteratur

Raudt støv: Bok 1 : roman

«En usedvanlig billedrik og vakker roman»
— Valerie Kubens
Mektig dystopi frå brageprisvinnar Tore Kvæven. Nominert til Sørlandets litteraturpris! Året er 2060. Generalløytnant John Arnhem og elitesoldatane hans ligg skjult bak ein åsrygg i jungelen i Malaysia. Dei er i fiendens habitat, jakta av blodhundar som kan fanga opp lukter med konsentrasjonar ned til enkeltmolekyl. Det er her det blir avgjort om dei skal venda attende til australsk jord, eller om dei til sist skal gå i eitt med regnskogens evigvarande fukt og stank. Den verdsomspennande krigen har vart i 17 år. Nordvest i Australia klarer ein liten by enno å halda stand mot fienden. Sentralt i forsvaret står John Arnhems spesialeining Dronningas jegerar. Men krigen og alt John Arnhem har trudd på, er i endring. Den sigeren han ein gong trudde han skulle oppleva, synest fjernare enn nokon gong. Medan krigsmaskineriet rullar fram i all sin brutalitet, finst naturen der, også den full av elende, men òg av livskraft. Medan menneska manøvrerer mot sin eigen undergang, gjer villhestane som dei alltid har gjort: Dei fylgjer flokken og instinktet mot nye horisontar. Raudt støv er første bok av to
249,00 kr
Sider
285
Utgivingsår
2024
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234012792
Meldingar

Sagt om boka

5 omtaler

«Kvæven har et særs fargerikt og levende språk, han setter leserens sanser i gang fra første setning, veksler utvungent mellom det ubehagelig groteske og det poetisk drømmende, skildringene av landskap, dyr og natur er gripende og vakre, og kaller også på en slags age og takknemlighet»

— Stavanger Aftenblad

«Her er usedvanlig sanselige og nærmest indre beskrivelser av dyr og landskaper. Vakkert i alt det grufulle.»

— BOK365

«Få norske forfattere behersker et like bredt repertoar som det Tore Kvæven viser i Raudt støv.»

— Aftenposten

«Han har skapt et univers som juryen både skremmes og fortrylles av. Vel er det dystert og deprimerende. Men det fins også glimt av håp i naturens og kjærlighetens evne til å finne nye veier og male lysere tider.»

«Romanen har elementer av både science fiction, dystopi og krigsthriller, og selv om Kvæven åpenbart også deler den smalere kvalitetslitteraturens språklige og sjelegranskende ambisjoner, kan han skrive genuint spennende actionscener: Her veksler trefninger med drapsroboter, flystyrt etter rakettanslag og nærkamp med krokodille med lyriske dyrebeskrivelser, tilbakeblikk til en pastoral fortid og dvelende refleksjoner om soldatlivets rystelser.»

— Klassekampen

Tore Kvæven
Om forfattaren

Tore Kvæven

Tore Kvæven (f. 1969) bur i Sirdal i Vest-Agder. Han debuterte i 2011 med Hard er mitt lands lov. Han har også skrive barneboka Kameljegeren (2013). I 2018 kom romanen Når landet mørknar, som vart tildelt Brageprisen same år og Sørlandets Litteraturpris i 2019. I 2022 fekk Kvæven Stig Sæterbakkens minnepris. Raudt støv. Bok 1 kom hausten 2023 og vart nominert til Sørlandets Litteraturpris 2024. Raudt støv. Bok 2 kom hausten 2024. Tore Kvæven er sauebonde og lærar.

Foto: Tommy Ellingsen