Raud Volvo

Barn og ungdom

Raud Volvo

Ordknappen 2023 12–16 år
Sterk teikneserieroman om å miste seg sjølv. Jenny bur saman med mora og halvbroren Odd. Bestevenninna Ann-Sofi har byrja å røyke og treffe eldre gutar. Jenny trivst best i skogen, der ho kikar på fuglar. Når Ann-Sofi byrjar å avvise ho, tar Jenny ei rekke dumdristige val. Til slutt hamnar ho i ein situasjon saman med ein eldre gut som ho ikkje kjem seg ut av. Kven er ho etter dette? Og korleis skal ho finne tilbake til seg sjølv? Gjennom tekst og illustrasjonar har Trude Tjensvold skapa ein sterk og utfordrande roman som handlar om overgrep og om å setje grenser. «Raud Volvo» er ein hybrid mellom tekst og bildebok og blir gitt ut i samarbeid med Leser søker bok.
349,00 kr
Sider
159
Utgivingsår
2022
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234008191
Trude Tjensvold
Om forfattaren

Trude Tjensvold

Trude Tjensvold (f. 1964) er forfattar, illustratør og biletkunstnar. I 2016 debuterte ho som forfattar med bildeboka Bo flyttar ut, som både blei nominert til Kulturdepartementets debutantpris for barne og ungdomslitteratur 2016 og vann gull i Visuelt 2017. Ho har etter dette gitt ut fleire biletbøker, lettlesbøker og den grafiske romanen Raud Volvo (2022) for ungdom. I 2023 kom faktaboka Vi roper i skogen, og i 2025 gav ho ut sin første roman Misty åleine, som vart nominert til Kulturdepartementets skjønnlitteraturpris for barn og unge.