Bålet
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Bålet

3–6 år
Konkurransen som kom ut av kontroll. Beveren Bella trivst godt i skogen der ho bur, men ho er skeptisk til dyra som kjem på sommarbeite. Spesielt irriterer ho seg over grisen Sylte. Han veit alltid best! Dessutan synest han at dei ville dyra i skogen er gammaldagse og treige. Snart er sankthanskvelden her. Bella vil lage stort sankthansbål slik dei alltid brukar å gjere. Men Sylte vil heller fyre opp ein kolgrill til festen, for det er meir moderne. Det utviklar seg til ein konkurranse mellom dei to, og ting kjem ut av kontroll. For snart står skogen i full fyr. «Bålet» er ei spennande og leiken bildebok som djupast sett handlar om samarbeid. For kanskje er den ein trudde var uvenn, ikkje så verst likevel?
329,00 kr
Sider
44
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234002175
Trude Tjensvold
Om forfattaren

Trude Tjensvold

Trude Tjensvold (f. 1964) er forfattar, illustratør og biletkunstnar. I 2016 debuterte ho som forfattar med bildeboka Bo flyttar ut, som både blei nominert til Kulturdepartementets debutantpris for barne og ungdomslitteratur 2016 og vann gull i Visuelt 2017. Ho har etter dette gitt ut fleire biletbøker, lettlesbøker og den grafiske romanen Raud Volvo (2022) for ungdom. I 2023 kom faktaboka Vi roper i skogen, og i 2025 gav ho ut sin første roman Misty åleine, som vart nominert til Kulturdepartementets skjønnlitteraturpris for barn og unge.