Prinsessa i egget
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Prinsessa i egget

6–9 år
Det er tidleg ein søndagsmorgon. Mamma og pappa søv, og Maja vil lage frukost. Men då ho skal til å koke egg, hender det noko. Det eine egget sprekk, og ut hoppar Gullfrid; ei bitte lita prinsesse.
229,00 kr
Sider
69
Utgivingsår
2008
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252172317
Solfrid Sivertsen
Om forfattaren

Solfrid Sivertsen

(f. 1947) debuterte i 1986 med novellesamlinga Porselensfiguren. Ho har også skrive romanar, dikt og bøker for barn. I 1994 fekk ho Nynorsk litteraturpris for romanen Grøn koffert. I 2006 markerte Sivertsen sitt 20-årsjubileum som forfattar med å gi ut novellesamlinga Små, små løgner – ei samling stramme og stringente noveller som både er sanselege og nære, samtidig som dei har eit sjenerøst dryss av fine, små detaljar. I 2008 kom romanen Eit plutseleg mørke der Sivertsen igjen viser at ho meistrar å kombinere stillfarande realisme med sterk dramatikk. I 2010 vann Solfrid Sivertsen 1.-pris i forlaget Margboks romankonkurranse med romanen Før klokka fire. I juryens grunngiving heitte det m.a. at Sivertsen er «ei tøtte som står fjellstøtt i vårt litterære landskap». Sivertsen er frå Mosterhamn der ho framleis bur og arbeider som bibliotekar.