Eit plutseleg mørke
Innbunden

Eit plutseleg mørke

Men ut av det uskuldige snakket veks plutseleg skremmande og uforståelege truslar fram, og Anne-Lise og barnet hamnar i eit mørkt og intenst drama. Som i novellesamlinga Små, Små løgner viser Solfrid Sivertsen at ho meistrar å kombinere stillfarande realisme med sterk dramatikk.
429,00 kr
Solfrid Sivertsen
Om forfattaren

Solfrid Sivertsen

(f. 1947) debuterte i 1986 med novellesamlinga Porselensfiguren. Ho har også skrive romanar, dikt og bøker for barn. I 1994 fekk ho Nynorsk litteraturpris for romanen Grøn koffert. I 2006 markerte Sivertsen sitt 20-årsjubileum som forfattar med å gi ut novellesamlinga Små, små løgner – ei samling stramme og stringente noveller som både er sanselege og nære, samtidig som dei har eit sjenerøst dryss av fine, små detaljar. I 2008 kom romanen Eit plutseleg mørke der Sivertsen igjen viser at ho meistrar å kombinere stillfarande realisme med sterk dramatikk. I 2010 vann Solfrid Sivertsen 1.-pris i forlaget Margboks romankonkurranse med romanen Før klokka fire. I juryens grunngiving heitte det m.a. at Sivertsen er «ei tøtte som står fjellstøtt i vårt litterære landskap». Sivertsen er frå Mosterhamn der ho framleis bur og arbeider som bibliotekar.