InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Prins Storm

Storm har fint hår. Og stort! Men veslesøster meiner han ser ut som han kjem frå ein annan planet! Bestefar synest han skal klippe seg, tanta at han er for vill. Til slutt er huset fullt av folk som ikkje skjønar nokon ting. Dei veit ikkje at Storm er ein prins! Og ein marsbuar! Ein riddar! Og Tarzan, apekongen. Illustratør Annlaug Auestad gir ei varm og leiken framstilling av Ingunn Røysets tekst om guten som ikkje passar heilt inn, men heldigvis, inst inne, veit kor han høyrer heime.

399,00 kr
Ingunn Røyset
Om forfattaren

Ingunn Røyset

(f. 1965) er utdanna sosionom, make-up-artist og landbruksavløysar og har jobba som sosialkurator, stylist og budeie. Den mangfaldige bakgrunnen har ho dei siste 15 åra brukt i jobben som journalist. Ingunn er opphavleg frå Hareid på Sunnmøre, men bur no på Flø i Ulstein kommune. Ho debuterte med Prins Storm i 2012.