Annlaug Auestad
(f. 1965) er forfattar og illustratør. Ho debuterte litterært med biletboka Neppe i 2006, og følgde opp med populære Kuvenninnene i 2008. Auestad har utdanning frå Kunsthøgskolen i Bergen. Ho har illustrert fleire barnebøker og arbeidd med maleri.
Neppe (2006) er den første boka ho sjølv både skreiv og illustrerte, og i denne vakre biletboka møter vi bamsen Neppe, som leitar etter yndlingsleika si, menneskedokka Nissen. Kuvenninnene (2008) er ei humoristisk biletbok om vennskap og krangling – med rauting av ypparste klasse. Begge bøkene til Auestad er prega av hennar eigne illustrasjonar, som har sjarm og karakter, og som byr på fine detaljar som den vesle lesaren av bileta veit å verdsetje. Annlaug Auestad bur på Randaberg utanfor Stavanger.
Utgivingar av forfattaren
Som andre venninner begynner kyrne å krangle om kven som er finast og best, og til slutt sprekk det for Jorun. Ho ORKAR ikkje all kivinga...Kuvenninnene
I klassisk peikebokstil går vi frå side til side og leitar, og først er det dei andre leikekameratane til Neppe som dukkar opp, ein etter...Neppe
Ei vakker lita biletbok for dei aller minste, i glade, lyse fargar. Neppe er ein liten bamse, som leitar etter yndlingsleika si, menneske...
