Neppe: då Nisse blei borte

Barn og ungdom

Neppe: då Nisse blei borte

3–6 år
Ei vakker lita biletbok for dei aller minste, i glade, lyse fargar. Neppe er ein liten bamse, som leitar etter yndlingsleika si, menneskedokka Nisse. I klassisk peikebokstil går vi frå side til side og leitar, og først er det dei andre leikekameratane til Neppe som dukkar opp, ein etter ein, alle med namn som startar på N: Nøtte og Nille og Nusse. Alle tilbyr seg å bli med på leitinga etter Nisse. Korleis det endar, skal vi ikkje røpe her! Men godt går det. Annlaug Auestads bilete har sjarm og karakter, og byr på fine detaljar som den vesle lesaren av bileta veit å verdsetje.
179,00 kr
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252186451
Annlaug Auestad
Om forfattaren

Annlaug Auestad

(f. 1965) er forfattar og illustratør. Ho debuterte litterært med biletboka Neppe i 2006, og følgde opp med populære Kuvenninnene i 2008. Auestad har utdanning frå Kunsthøgskolen i Bergen. Ho har illustrert fleire barnebøker og arbeidd med maleri.

Neppe (2006) er den første boka ho sjølv både skreiv og illustrerte, og i denne vakre biletboka møter vi bamsen Neppe, som leitar etter yndlingsleika si, menneskedokka Nissen. Kuvenninnene (2008) er ei humoristisk biletbok om vennskap og krangling – med rauting av ypparste klasse. Begge bøkene til Auestad er prega av hennar eigne illustrasjonar, som har sjarm og karakter, og som byr på fine detaljar som den vesle lesaren av bileta veit å verdsetje. Annlaug Auestad bur på Randaberg utanfor Stavanger.