InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Fiskelykke

6–9 år
Vennskap, fisking - og ein irriterande katt! I dag skal Jonas vere med Anna på moloen og fiske. Men Kvitpus vil ikkje la Jonas vere i fred. Det er umogleg å gjere stonga klar til fisketur når Kvitpus trakkar fram og tilbake akkurat der Jonas sit! Anna fortel at om ein katt må til dyrlegen, kjem han som regel ikkje heim. Kanskje Kvitpus ikkje er så irriterande likevel? Fiskelykke er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Leseland. Nivå 4.
249,00 kr
Sider
43
Utgivingsår
2018
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252194029
Ingunn Røyset
Om forfattaren

Ingunn Røyset

(f. 1965) er utdanna sosionom, make-up-artist og landbruksavløysar og har jobba som sosialkurator, stylist og budeie. Den mangfaldige bakgrunnen har ho dei siste 15 åra brukt i jobben som journalist. Ingunn er opphavleg frå Hareid på Sunnmøre, men bur no på Flø i Ulstein kommune. Ho debuterte med Prins Storm i 2012.