Pode mister fotfestet

Barn og ungdom

Pode mister fotfestet

6–9 år 1 t 28 min
Pode er seks år og har nett vore på ferie. No er det haust og på tide å byrje på skulen. Men det går ikkje heilt som far, mor, læraren og klassen har tenkt, for det skjer ting med Pode. Han byrjar å miste tennene. Og ein dag står den eine armen hans rett til vêrs. For kvar tann som fell ut blir det heile berre meir og meir mystisk, og Pode blir lettare og lettare, og til slutt mister han heilt fotfestet. Dette er den andre boka om Pode.
249,00 kr
Utgivingsår
2021
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234005657
Tor Arve Røssland
Om forfattaren

Tor Arve Røssland

Tor Arve Røssland (f. 1971) skriv bøker for barn og unge, og er kanskje mest kjent for grøssarserien for ungdom, Svarte-Mathilda. Svarte Mathilda (2010) vart nominert til Uprisen. Svarte-Mathilda II kom i 2012 og Svarte-Mathilda III i 2013. Røssland voks opp på Husnes i Kvinnherad, og er no busett på Halhjem i Os, Hordaland.

Han er utdanna ved Universitetet i Trondheim, med faga filmvitskap hovudfag, litteraturvitskap mellomfag og mediepedagogikk.