Pode får snue

Barn og ungdom

Pode får snue

6–9 år 1 t 41 min
Pode er seks år og nokon er ute etter han. Pode veit ikkje kvifor, han veit ikkje eingong at nokon er ute etter han. Men etter kvart skjønar han det. Nokon er ute etter han og får han til å nyse. Pode nys mykje. Først nokre få gonger om dagen, etter kvart mange hundre gonger i timen! Men det var noko ingen rekna med, ikkje eingong han som er ute etter Pode. Det skjer noko når Pode nys. Noko mystisk. Dette er den tredje boka om Pode.
249,00 kr
Utgivingsår
2021
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234005671
Tor Arve Røssland
Om forfattaren

Tor Arve Røssland

Tor Arve Røssland (f. 1971) skriv bøker for barn og unge, og er kanskje mest kjent for grøssarserien for ungdom, Svarte-Mathilda. Svarte Mathilda (2010) vart nominert til Uprisen. Svarte-Mathilda II kom i 2012 og Svarte-Mathilda III i 2013. Røssland voks opp på Husnes i Kvinnherad, og er no busett på Halhjem i Os, Hordaland.

Han er utdanna ved Universitetet i Trondheim, med faga filmvitskap hovudfag, litteraturvitskap mellomfag og mediepedagogikk.