Pode får snue

Tor Arve Røssland | Øyvind Torseter

I denne tredje boka om vesle Pode er nokon ute etter han. Dei får han til å nyse heile tida! Pode er slett ikkje klar over kva som føregår sjølv, men skjønar det etter kvart.

Men det han ikkje skjønar, er kvifor i all verda nokon vil få han til å nyse? Og kven er det som gjer det? Er det far? Er det mor? Er det veslesøster, eller storebror? Eller er det turistsjefen, eller den merkelege medisinmannen? Det einaste Pode veit er at han nys. Han nys mykje! Først nokre få gonger til dagen, etter kvart mange hundre gonger i timen! Men ingen hadde rekna med det mystiske som skjer når Pode nys …


ISBN: 9788252158113

Kategoriar: Tor Arve Røssland

Emneknagg: 2002, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Tor Arve Røssland