Planlegging og prosessleiing: korleis lykkast i utviklingsarbeid

Fagbøker

Planlegging og prosessleiing: korleis lykkast i utviklingsarbeid

Boka gir ei innføring i kommunikativ handlingsteori og overfører dette til plan- og utviklingsarbeid. Slik viser forfattaren korleis denne måten å drive planlegging på har overføringsverdi til mange samfunnsområde. På den eine sida legg boka vekt på generelle krav til god prosessleiing, og viser korleis instrumentell og kommunikativ planlegging kan kombinerast. På den andre sida er boka praktisk retta mot det lokale planleggingsnivået og med vekt på dei institusjonelle rammene som planlegging er underlagd. Her gir boka ei rekkje eksempel på korleis ein konkret kan gå fram for å lykkast mellom anna i folkehelsearbeid.
369,00 kr
Sider
248
Utgivingsår
2019
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234000126
RA
Om forfattaren

Roar Amdam

(1951) er professor i planlegging og leiing ved Høgskulen i Volda. Han har brei erfaring frå forsking og utviklingsarbeid innan kommuneplanlegging og regionalforsking, og kan vise til omfattande forsking innafor bygdeutvikling, tiltaksarbeid og nærmiljøarbeid, og forsking innan kommunal organisering og leiing.