Påls reise
Innbunden

Påls reise

I bilete og tekst får vi vere med hurtigruteskipet Richard With og Pål på reisa langs heile kysten. Mykje spennande skjer på denne ferda! Dei passerer polarsirkelen, Pål blir sjøsjuk i storm, han et vikingmiddag i Lofoten og kjører hundespann i Troms og skuter i Finnmark. Boka er rikt illustrert med foto i fargar og har flott design.

Påls reise har enkel tekst og enkelt innhald, og er laga i samarbeid med Leser søker bok. Målgruppe: vaksne og unge som treng enkel tekst og enkelt innhald.

429,00 kr
Helga Gunerius Eriksen
Om forfattaren

Helga Gunerius Eriksen

(f. 1950) er frå Stord og bur i Bergen. Ho har skrive over 20 biletbøker, romanar, essay, dikt og forteljingar for barn, ungdom og vaksne og delteke i fleire prosjekt med andre kunstnarar. Gunerius Eriksen debuterte i 1986 med biletboka På stripejakt. I 1991 fekk ho Kritikarprisen for Finn Inga! (beste barne- og ungdomsbok), og i 2003 blei ho, saman med Gry Moursund, tildelt Brageprisen for Flugepapir. Ho var òg nominert til Kritikarprisen 2006 for Eg er på veg, og fikk Samlagsprisen i 2009. Eriksen har skrive to romanar for vaksne – Dersom du (1994) og Rut (2002). Kvadratiske konturar (1998) er ei kortprosa-biletbok for vaksne der Eriksen samarbeidde med Kurt Johannessen. I 2010 fekk Eriksen Ordknappen for Påls reise (2009), ei tilrettelagd bok for lesarar som treng enkel tekst og enkelt innhald. Eriksen er utdanna cand.mag. med faga keramikk og filosofi. I 2013 fullførte ho fordjupingskurs i dramatikk ved Norsk Barnebokinstitutt.