Påfuglen som trakka i møtematen: dikt

Jon Hjørnevik |
E-bøker | ISBN: 9788234006968

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price199 kr
Skeive rim om dei sju dødssyndene

Det perfekte, hovmodige og ambisiøse er uinteressant, heilt til det går til helvete. Kåtskap og begjær er dørgande kjedeleg, inntil det går skikkeleg over styr. Grådigheit og misunning bør gløymast, om ikkje det inkluderer nevekamp, blod og tårer.

Rimsmeden Jon Hjørnevik orkar ikkje å komme på banen før plattfotjoggaren får hundeskit under nyskoen. Det er først når milliardyachten går ned med overlønnna egomann og tiltakslaus solariumsmus, diktaren vaknar. Og kven vil dikta om ein Powerpoint-presentasjon med mindre den inkluderer eit affekt-drap?

I «Påfuglen som trakka i møtematen» er alle former for skit samla mellom to pene permar. Heller ikkje diktaren sjølv slepp unna sin eigen penn.

Jon Hjørnevik (f. 1970) er forfattar, tekstforfattar, julenisse, forvaltningsrevisor, reklamemann, familiemann, statsvitar, jobbsyklist, nabo, daglegvarekunde og komikar frå Voss. Han debuterte med diktsamlinga I ein sofa frå Korea i 2001 og er mannen bak ei rekkje andre populære diktsamlingar. Hjørnevik er også ein høgt oppskatta opplesar av sine eigne dikt.

Bla-i-boka

Jon Hjørnevik

Du likar kanskje desse

Sist sett på