Oskar og nisseskrekken

Barn og ungdom

Oskar og nisseskrekken

6–9 år 16 min
Det nærmar seg jul, men Oskar vil ikkje ha julegåver. Han meiner gåver er dårlege for naturen, og at det jo strengt tatt er Jesus som burde fått dei. Men det viser seg at den eigentlege grunnen til at Oskar ikkje vil ha gåver, er fordi han er redd for julenissen. Han må bli overtydd om at julenissen berre er pappa i utkledning. Men kva skjer når julaftan kjem og pappa ikkje er på do når julenissen ringer på?
79,00 kr
Utgivingsår
2022
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234010972
Maria Parr
Om forfattaren

Maria Parr

Maria Parr (f. 1981) debuterte med Vaffelhjarte i 2005, og fekk sitt store gjennombrot med Tonje Glimmerdal i 2009, som ho fekk Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for. Bøkene til Parr er omsette til mange språk, og ho har også vunne ei rekkje internasjonale prisar. I 2019 mottok ho også Sult-prisen. I 2023 fekk ho og illustratør Åshild Irgens Brageprisen og vart nominerte til Nordisk råds barnelitteraturpris for Oskar og eg. Parr har blitt samanlikna med både Johanna Spyris (Heidi) og Astrid Lindgren. Parr er frå Fiskå i Vanylven. Ho har mastergrad i nordisk litteratur frå Universitetet i Bergen, og er utdanna lektor.

Foto: Sara Sanderud

Foto av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens. Foto av Sara Sanderud:

Fleire foto av Julia Marie Naglestad: