Om å skrive

Skjønnlitteratur

Om å skrive

Omsett frå engelsk
I denne boka fortel Patti Smith om sin eigen kreative prosess og kva som inspirerer henne. Vi får lese ei vakker forteljing og blir tekne med på fleire reiser, mellom anna til Sør-Frankrike og til Camus' heim, og til forleggjaren Gallimards hage, der vi møter gjenferda til Mishima, Nabokov og Genet. Smith oppsøkjer også Simone Weils grav på ein einsam kyrkjegard og tek oss med gjennom dei namnlause Parisgatene i Patrick Modianos romanar. Ho deler sjenerøst med lesaren frå dei notata ho tek på kafeen eller på toget, og læt oss få eit unikt innblikk i korleis kunsten hennar blir til. Boka er omsett av Siw-Anita Kirketeig.
299,00 kr
Utgivingsår
2019
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252195941
Patti Smith
Om forfattaren

Patti Smith

Patti Smith (f. 1946) er ei legende i den amerikanske musikkhistoria, og ho er også kjent som pønkens gudmor. Ho er vokalist, låtskrivar, poet og artist og har gitt ut fleire bøker. Just Kids (2012), Sanka ull (2013), M Train (2016) og Om å skrive (2018), er alle gitt ut på norsk. For Just Kids fekk ho National Book Award i 2010. Den foreløpig siste utgivinga på norsk er memoarboka Brød frå englane (2025).