Just kids

Generell litteratur

Just kids

Omsett frå engelsk
Året er 1967. Verda står på terskelen til ei ny tid. Eit tilfeldig møte i Brooklyn fører to unge menneske inn på ein livsveg med kunst og lidenskap. Patti Smith ville bli poet og kunstnar, og Robert Mapplethorpe ville utfordre fotokunsten. Bundne saman i uskuld og entusiasme reiste dei på kryss og tvers av New York. I 1969 slo paret seg ned på Chelsea Hotel. Just Kids er Patti Smiths varme og inderlege kjærleiksforteljing om vennen Mapplethorpe, men boka er også eit unikt tidsdokument. Smith gir ei levande skildring av New Yorks avantgardistiske og spennande kulturliv i byrjinga av 70-talet. Her møter vi forfattarar, musikarar og kunstnarar som har påverka ein heil generasjon og sett avtrykk langt utanfor New Yorks grenser. I omgangskretsen var Sam Shepard, Janis Joplin, Jim Morrison, Andy Warhol, Bob Dylan, William Burroughs og mange fleire. Til norsk ved Brit Bildøen.
149,00 kr
Sider
315
Utgivingsår
2013
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252182897
Patti Smith
Om forfattaren

Patti Smith

Patti Smith (f. 1946) er ei legende i den amerikanske musikkhistoria, og ho er også kjent som pønkens gudmor. Ho er vokalist, låtskrivar, poet og artist og har gitt ut fleire bøker. Just Kids (2012), Sanka ull (2013), M Train (2016) og Om å skrive (2018), er alle gitt ut på norsk. For Just Kids fekk ho National Book Award i 2010. Den foreløpig siste utgivinga på norsk er memoarboka Brød frå englane (2025).