InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Om å skrive

Omsett frå engelsk
Ei lita perle om skriving og kreativitet. I denne boka fortel Patti Smith om sin eigen kreative prosess og om kva som inspirerer henne. Vi får lese ei vakker forteljing, og vi blir tekne med på fleire reiser, mellom anna til Sør-Frankrike og Camus sin heim, og til forleggjaren Gallimard sin hage der vi møter gjenferda til Mishima, Nabokov og Genet. Smith oppsøkjer også Simone Weils grav på ein einsam kyrkjegard og tek oss med gjennom dei namnlause Paris-gatene i Patrick Modianos romanar. Ho deler generøst med lesaren frå dei notata ho tek på kafeen eller på toget, og lèt oss få eit unikt innblikk i kunsten sin og skapinga si.
429,00 kr
Sider
101
Utgivingsår
2018
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252195934
Patti Smith
Om forfattaren

Patti Smith

Patti Smith (f. 1946) er ei legende i den amerikanske musikkhistoria, og ho er også kjent som pønkens gudmor. Ho er vokalist, låtskrivar, poet og artist og har gitt ut fleire bøker. Just Kids (2012), Sanka ull (2013), M Train (2016) og Om å skrive (2018), er alle gitt ut på norsk. For Just Kids fekk ho National Book Award i 2010. Den foreløpig siste utgivinga på norsk er memoarboka Brød frå englane (2025).