Ollis

Barn og ungdom

Ollis

9–12 år 4 t 5 min
Morosam, gripande og spennande barnebok av debutant. Heime hos Ollis og mamma er ting snudd på hovudet. Det har flytta inn ein knøttliten, søt veslebror, men også mamma sin irriterande ryddefreak-kjærast. Heime er ikkje lenger slik det var. Heldigvis er nabohuset den perfekte fristaden, for der bur Gro. Ollis og Gro er bestevenner og kjenner kvarandre ut og inn. Eller, gjer dei det? Ollis har ikkje alltid snakka heilt sant til Gro. Og når dei finn eit postkort i ei mystisk, gul postkasse midt i skogen, veks løgna til Ollis seg endå større. Kva er det Ollis veit om postkortet, som Gro ikkje veit? Ein spennande barneroman om vennskap, familie og mot. Illustrert av Nora Brech. Ingunn Thon (f. 1986) arbeider i NRK Super, mellom anna som dokkespelar. Barn kjenner ho også frå Påskemorgen og Julemorgen. Ho har utdanninga si frå tekst- og skribentlina ved Westerdals og frå journalistutdanninga ved NRK Nynorsk mediesenter.
279,00 kr
Utgivingsår
2018
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252195101
Ingunn Thon
Om forfattaren

Ingunn Thon

Ingunn Thon (f. 1986) debuterte med barneboka Ollis i 2017. For denne boka blei ho nominert til Arks barnebokpris. Ho er journalist og tekstforfattar og har mellom anna arbeidd i NRK Super. Ho blei nominert til Barnas Bokpris 2023 for Full Bajas. 

 

Foto av Sara Sanderud, illustrasjon av Jens Kristensen: