Ollis og ynskjelistene

Barn og ungdom

Ollis og ynskjelistene

9–12 år 16 min
Ollis og Gro drar på besøk til Borgny. Borgny er den litt ko-ko venen deira som bur i skogen og får all feiladressert post heim til seg. Det viser seg at ho treng hjelp med å sortere alle breva som er sende til julenissen. Borgny sjølv trur ikkje på julenissen og likar ikkje jula. Men blant alle julenissebreva finn Ollis og Gro fleire som er sende frå same barn. Frå Borgny Ur. Det er kanskje ikkje så rart ho ikkje trur på julenissen, ho som aldri har fått ynska sine oppfylte. Men det vil Ollis og Gro gjere noko med!
79,00 kr
Utgivingsår
2022
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234010965
Ingunn Thon
Om forfattaren

Ingunn Thon

Ingunn Thon (f. 1986) debuterte med barneboka Ollis i 2017. For denne boka blei ho nominert til Arks barnebokpris. Ho er journalist og tekstforfattar og har mellom anna arbeidd i NRK Super. Ho blei nominert til Barnas Bokpris 2023 for Full Bajas. 

 

Foto av Sara Sanderud, illustrasjon av Jens Kristensen: