N

Skjønnlitteratur

Nyryddinga: roman

Geir er ti år og bur på eit småbruk der dei driv med sau. Far til Geir blir sjuk, og frykta for sjukdommen og ønsket om å halde hjula i gang på garden, gjer at Geir føler eit stort ansvar for å hjelpe til med gardsdrifta. Det blir tungt for han den dagen dei bestemmer seg for å leggje ned bruket, og det trygge mønsteret blir brote. Men han og kameraten Finn gir ikkje opp. Gjennom mange livlege episodar får vi bli med inn i Geir si barnlege verd.
329,00 kr
Utgivingsår
2012
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252176964
Sigmund Løvåsen
Om forfattaren

Sigmund Løvåsen

Sigmund Løvåsen (f. 1977) er frå Trysil og er busett på Svartskog i Nordre Follo
kommune. Han studerte ved forfattarstudiet i Bø og Litterär Gestaltning i Göteborg. Han har tidlegare vore leiar for Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring og leiar av Kulturrådet. Løvåsen debuterte i 2003 med
romanen Nyryddinga, og for den blei han tildelt både Tarjei Vesaas’ debutantpris og P2- lyttaranes romanpris. Han har sidan gitt ut romanar, skodespel, barnebok, biografi og diktsamling. Siste utgiving på Samlaget var diktsamlinga Tusen elgar i garasjen, som han vart nominert til Brageprisen for.