Nyryddinga: roman

Skjønnlitteratur

Nyryddinga: roman

Ti år gamle Geir bur på eit småbruk der dei driv med sau. Alt følgjer sitt vante, trygge mønster, styrt av årstidene og arbeidet. Men så blir far til Geir sjuk. Frykta for sjukdommen og ønsket om å halde hjula i gang, gjer at Geir føler eit stort ansvar for å hjelpe til. Det blir tungt for han den dagen dei bestemmer seg for å leggje ned bruket. Men han og kameraten Finn gir ikkje opp: Dei skal bli sauebønder og skihopparar bare dei blir vaksne. Ei veksande interesse for jenter kjem òg inn i bildet, og ein byjentekjærast dukkar opp.
329,00 kr
Utgivingsår
2012
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252182163
Sigmund Løvåsen
Om forfattaren

Sigmund Løvåsen

Sigmund Løvåsen (f. 1977) er frå Trysil og er busett på Svartskog i Nordre Follo
kommune. Han studerte ved forfattarstudiet i Bø og Litterär Gestaltning i Göteborg. Han har tidlegare vore leiar for Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring og leiar av Kulturrådet. Løvåsen debuterte i 2003 med
romanen Nyryddinga, og for den blei han tildelt både Tarjei Vesaas’ debutantpris og P2- lyttaranes romanpris. Han har sidan gitt ut romanar, skodespel, barnebok, biografi og diktsamling. Siste utgiving på Samlaget var diktsamlinga Tusen elgar i garasjen, som han vart nominert til Brageprisen for.