Nynorsk for dumskallar

Generell litteratur

Nynorsk for dumskallar

Ny og revidert versjon Nynorsk for dumskallar er skriven for dei som ikkje kan så mykje om nynorsk, men som vil læra litt. Eller: Ho er skriven for dei som ikkje vil læra nynorsk, men som må læra det. Kristin Fridtun var sjølv bokmålselev i tjukkaste bokmålsland. På ungdomsskulen hadde ho ein norsklærar som sa: «Nynorsk er ikkje vanskeleg.» Fridtun trudde ikkje på henne. Seinare måtte Fridtun bita i graset og vedgå at læraren hadde rett. Nynorsk er ikkje så vanskeleg og skummelt som mange trur! Fridtun syner veg på morosamt, enkelt og underhaldande vis. Ho stiller spørsmål som: Er Ivar Aasen rota til alt vondt? Ho knuser mytar om nynorsken og Aasen og gjev ei enkel og uvanleg god innføring i nynorsk språkføring og grammatikk. Boka kom første gong ut i 2013 og har gjennom åra vore til uvurderleg hjelp for mange som vil eller må læra nynorsk!
429,00 kr
Sider
105
Utgivingsår
2023
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234011078
Kristin Fridtun
Om forfattaren

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun (f. 1987)frå Elverum er utdanna filolog, bur på Lillehammer og er forfattar på heiltid. Ho har blant anna skrive Kjønn og ukjønn (2015), Homoflokar (2018) og Kunsten å irritera seg over skrivefeil (2021). Fridtun vann Bokhandelens sakprosapris i 2016 og Språkprisen i 2019.