Kjønn og ukjønn: ordhistoriske essay

Generell litteratur

Kjønn og ukjønn: ordhistoriske essay

Visste du at det i jarnalderen fanst folk som heitte Kjønnmund? Eller at ordet alskens er samansett av all og kjønn? I så fall er du unnataket som stadfester regelen: Dei fleste av oss veit fint lite om ordet kjønn. Men me møter det heile tida: Ordet dukkar stadig opp i aviser, debattar, grammatikkbøker, ID-papir, naturfagstimar - ingen slepp unna kjønn. Dette velkjende arveordet er lett å gripa til, men vanskeleg å få taket på. Kristin Fridtun vel å snika seg innpå kjønn bakfrå: Hen går historisk til verks og grev i fortida til dette innfløkte ordet. Kvar kjem kjønn ifrå? Kvifor brukar me det annleis i dag enn dei gjorde for 400 og 800 år sidan? Kva meinte Ludvig Holberg med «det menniskelige Kiøns Fiende»? Gjennom fem laust samanhengande essay kjem me kjønn nærmare inn på livet, men me får òg kjennskap til livet i dei kjønnslege utkantane. Fridtun skriv med utgangspunkt i sine eigne røynsler som transperson, og eit tilbakevendande tema er kjensla av å stå på utsida av det me kallar kjønn. Granskinga av ordet kjønn blir såleis eit springbrett til vidare drøftingar av kjønnskategoriar, rådande førestillingar om kjønn, tilhøvet mellom natur og kultur - og korleis omverda møter dei av oss som lever på sida av kjønnsnormalen.
299,00 kr
Utgivingsår
2015
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252189421
Kristin Fridtun
Om forfattaren

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun (f. 1987)frå Elverum er utdanna filolog, bur på Lillehammer og er forfattar på heiltid. Ho har blant anna skrive Kjønn og ukjønn (2015), Homoflokar (2018) og Kunsten å irritera seg over skrivefeil (2021). Fridtun vann Bokhandelens sakprosapris i 2016 og Språkprisen i 2019.